No har førehandsrøystinga starta

Det er stortings- og sametingsval måndag 8. september, men frå idag og fram til 5. september så kan du førehandsrøyste.

Førehandsrøysting

Førehandsrøystinga er på Bykle rådhus, kvardagar frå måndag 11. august til og med fredag 5. september klokka 09:00-14:00. Torsdag 21. august og 4. september vert det utvida til kl 18:30.‎ 

Laurdag 23.8 vert det førehandsrøysting på Hovden grendehus frå kl 15:00-18:00. ‎Laurdag 30.8 vert det førehandsrøysting på Bykle rådhus frå kl 15:00-18:00

Du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune. Det betyr at òg hyttebyklarar og turistar kan gjere seg nytte av førehandsrøysting i Bykle. Studentar med røysterett i Bykle treng heller ikkje reise heim for å røyste, men kan førehandsrøyste der dei studerer.
(Til Sametingsvalet er det i Bykle berre mogleg å førehandsrøyste)

På valdagen får du berre røyste i kommunen der du står i valmanntalet.

Om du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan kome til eit vallokale sjå her.

Ta med legitimasjon

Det er eit krav for å røyste at du kan legitimere deg, så hugs å ta med legitimasjon. Dei fleste av valfunksjonærane er nye i Bykle, så du kan ikkje rekne med at dei kjenner deg.

På valdagen 8. september kan ein røyste på 
Hovden grendehus og Bykle rådhus frå kl 08:00 til kl 18:00

 

 

 

Slik røystar du

  1. Gå til valavlukke. 
  2. Ta røystesetelen for partiet du vil røyste for, eller blank røyst. 
  3. Brett røystesetelen med partinamnet inn. 
  4. Ta med røystesetelen til valfunksjonæren, som sjekker legitimasjon, manntalet og stempler røystesetelen.
  5. Legg røystesetelen i urna. (Om røystesetelen skal sendast til ein annan kommune vert den lagt i konvolutt og omslag fyrst)