eDialog - sikker innsending av dokument til Bykle kommune

Å sende dokument via e-post kan vere ein usikker kanal, og kan i verste fall stoppast i spamfilter. Ved å nytte tenesta eDialog, opnar Bykle kommune for at du kan sende inn dokument via ein sikker kanal. 

Her finn du eDialog for Bykle kommune.  

NB: For å bruke denne tenesta, må du først autentisere deg ved hjelp av ID-porten. 

Slik fyller du ut skjemaet: eDialog - sikker innlevering av dokumentasjon til Bykle kommune:

  • Vel om du er privatperson/innbyggar (fødselsnr.) eller om du representerer ei verksemd (org.nr).
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • Gi ei god skildring av forsendelsen din. Kommentarfeltet blir lagt inn som eit eige vedlegg til forsendelsen din.
  • Er kommunen sitt saksnummer kjent, ver grei å skriv dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsending. Eks.: «2016/283 – Søknad om ferdigattest».
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg. NB: godkjende filformat er kun pdf.
  • Klikk på «Send forsendelse». Du vil få ei kvittering på epost

Forsendelse av dokument som ikkje er offentlege: 
Tenesta eDialog er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege. Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Filene kjem rett inn i kommunen sitt sak/arkivsystem der dei blir fordelt til sakshandsamar.

Du kan framleis bruke epost for enkle spørsmål som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem.

Epost-adressa til Bykle er: postmottak@bykle.kommune.no