Val 2025 - Står du i manntalet?

Du må stå i manntalet for å røyste ved Stortingsvalet 2025. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen 8. september. 


 

Rådgjevar i Bykle kommune, Even Fredriksen, har lagt ut manntalet til offentleg ettersyn fram til valdagen 8. september. Ole Birger Lien

Ein må stå i manntalet for å få røyste ved valet 8. september. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn fram til valdagen. I Bykle kommune er manntalet lagt ut på desse stadane:

Bykle rådhus, Sarvsvegen 14, Prix Bykle, Setesdalsvegen 4070, Hovden grendehus, Skulevegen 19 og Coop Extra Hovden, Otravegen 11.

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du vert registrert automatisk i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert i før 30. juni 2025. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du røysterett i kommunen du flyttar frå. Du kan uansett førehandsrøyste i alle kommunane i Norge, men på valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført.

Dersom du meiner at du sjølv, eller nokon andre, urettmessig er ført opp eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal være skriftleg og grunngjeve. Adresse: Valstyret i Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.

Har du andre spørsmål om valet kan du kontakte Bykle kommune på telefon 379 38500.

Sametingets manntal

Manntalet for sametingsvalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på Bykle rådhus. Spørsmål om dette manntalet må rettast til Sametinget på telefon 78 47 40 00 eller e-post samediggi@samediggi.no