Stortings- og sametingsval 2025
Før sjølve valdagen kan man òg få røysta - det gjer man slik:
Førehandsrøystinga er på Bykle rådhus, kvardagar frå måndag 11. august til og med fredag 5. september klokka 09:00-14:00. Torsdag 21. august og 4. september vert det utvida til kl 18:30.
Laurdag 23.8 vert det førehandsrøysting på Hovden grendehus frå kl 15:00-18:00.
Laurdag 30.8 vert det førehandsrøysting på Bykle rådhus frå kl 15:00-18:00
(Førehandsrøystinga på Bykle alders-og sjukeheim vert onsdag 27.8 frå kl 13:00)
Om du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan kome til eit vallokale kan du søkje om å få røyste heime eller der du er. Det kan du be om frå 11. august til 4. september kl 12:00.
For å be om ambuerande røysting (røyste heime) ring 37 93 85 00 på kvardagar mellom kl 0900 og 1400, eller du kan sende brev til Valstyret - Bykle rådhus, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.
Vi ber ikkje om argumentasjon eller legeerklæring. Om du sjølv vurderer at du ikkje kan kome til vallokale på grunn av sjukdom eller uførleik, så held det.
Kommunar med færre enn 30 personar i Sametingets valmanntal har ikkje valting, berre førehandsrøysting. Bykle er ein slik kommune. Førehandsrøysting til sametingsvalet er på same stad og tider som til stortingsvalet.
Du må vise legitimasjon for å røyste!
Manntala til Stortingsvalet og Sametingsvalet klart og lagt ut på Hovden grendehus, Bykle rådhus, Coop Prix og Extra Hovden.
Valgloven § 2-8. Retting av manntallet:
(1) Personer som mener at de selv eller andre uriktig er blitt innført i eller utelatt fra manntallet i kommunen, kan kreve at feilen skal rettes.
(2) Et skriftlig og begrunnet krav om retting av manntallet skal sendes til valgstyret i kommunen.
Adresse til valstyret er: Valstyret - Bykle rådhus, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, eller postmottak@bykle.kommune.no
Offentleg oppteljing av røyster
Når røystelokala stenger vert det gjort fyrste opptelling av valtingsrøystene, det er det ope for folk å få med seg. Fyrste teljing av førehandsrøyster (kl 13:00) og andre teljing av førehandsrøyster og valtingsrøyster vert gjort på rådhuset. Dei er òg offentlege.
Teljinga av seint innkomne røyster er på rådhuset litt over kl 17:00 tysdag 09.09
Publisert 17.06.2025 11:33
Sist endra 10.09.2025 14:31