Fritidsklubb

For påmelding klubb og arrangementer last ned Spond

Sjå òg:

Kva som skjer for born og unge i Bykle på Facebook

Bykle kommunes fritidsklubb «SUMMIT»

SUMMIT junior: 

For barn på mellomtrinnet (5.- 7. trinn). Som eit overgangsår kan dei i 8. vere med på juniorklubb.
Etter påska kan 4. trinn vere med på juniorklubben som eit tiltak for ein fin overgang til mellomtrinnet.
Klubben er på Hovden og Bykle anna kvar gong. Sjekk Facebook-sida «Ungdomsarbeid i Bykle og på Hovden» for informasjon om kva datoar det er klubb i Bykle og på Hovden.

SUMMIT ungdomsklubb:

For ungdom på ungdomsskolen og VGS (8. - 12. trinn). 
Etter påskeferien kan dei som går i 7. trinn vere med på ungdomsklubben som eit tiltak for ein fin overgang til ungdomsskulen.
Klubben er på Hovden grendehus, "Hemsen" . Sjekk Facebook-sida «Ungdomsarbeid i Bykle og på Hovden» for informasjon om kva datoar det er klubb. Turistar og hyttebyklarar er velkomne til å vere med på ungdomsklubben.

Fritidsklubben er mobilfri

Klubb CREW 8. / VGS:

Det er ungdomen sjølv som veit kva dei ønskjer, og derfor har vi på klubben oppretta eit CREW som består av ungdomar som ønskjer å engasjere seg. Desse fungerer som ambassadørar for klubben og er med på planlegging og gjennomføring av arrangement i regi av klubba. Dei som har lyst får arbeidsoppgåver på arrangement.

Det har vore svært vellukka på tidlegare arrangement og alle er velkomne til å vere med.

Reglar som gjeld på klubben

  • Nulltoleranse for rus, mobbing, vald og kriminalitet.
  • Alle skal vise kvarandre respekt uansett etnisitet, politiske haldningar, kjønn og religion.
  • Mobbing og utestenging vil ein ta der og då i dialog med involverte. Ønsker ikkje involverte dialog må dei forlate fritidsklubben. Foreldre vil bli informerte.
  • Ved brot på reglane i forbindelse med rus, vald og kriminalitet vil foreldre bli kontakta. Politiet om det er alvorleg. Ein mogeleg konsekvens av regelbrudd er at ein ikkje kan være med på klubb i ein gitt periode. Det vil bli skreve avvik.


Brot på reglane vil få konsekvensar. Dette vil variere ved alvorsgrad.

Klubben er registrert som frivillig organisasjon og drives av kommunalt tilsett fagleiar ungdom og kultur i 100% stilling i samarbeid med kulturskulelærar. Fritidsklubben er tilslutta "Ungdom og fritid" som organiserer kommunale fritidsklubbar og fritidsklubbar med kommunalt tilskot.

Leige av Kulturbussen