Kva er Ungdommens kulturhus?

Det er ein sosial møtestad der det er rom og plass for alle i opningstida for eigenorganisert aktivitet. Tilbodet er tilrettelagt og gjeld for barn og unge som er busett i Bykle kommune. Her er de velkomne til å drive med ulike interesser blant anna gaming, brettspel, dans, yoga, ballspel, band, leksejobbing og teikning. Det er dei sjølv som deltek med innhald og aktivitet styrt av eiga interesse. Hemsen, dansesalen og bandrom er hyggelege stader å henge.

Barn frå 5. trinn kan booke gymsal og bandrom så lenge det ikkje er organisert aktivitet i lokalet. For å få tilgang til bandromma må dei ha fullført kurs med kulturskulelærar, dette kan bookast i resepsjonen. 

Husregler ungdommens kulturhus 

Hovden grendehus:

Hemsen

På Hovden grendehus har ungdommar eiget lokale “Hemsen”  for elevar på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule. 

Måndag - torsdag

08:00-14:30 Opent for alle
14:30-18:00 Mellomtrinnet
18:00-21:00 Ungdomstrinnet/vidaregåande skule

Fredag:

08:00 – 13:15 Alle
13:15 – 16:00 Mellomtrinnet

Bykle samfunnshus:

Opningstider:
Måndag og torsdag: 10:00 – 16:30
Meiropent bibliotek frå 8. trinn: 07:00 - 23:00 kvar dag. 

Nå i 2024 arbeidar vi med å få til et gaminglokale i Bykle på samfunnshuset i forbindelse med meiropent bibliotek for ungdomskuleelevar.

Utlån av nøkkel til klubbhus og bandbinge utanom opningstider skal gjerast av føresett som då har ansvar for fasilitetane.

Kulturhusa er tilgjengelege for utlån òg i helgene, under oppsyn av vaksne. All utlån retta mot barn og ungdom er gratis for Byklarar. For booking ta kontakt med kultur@bykle.kommune.no.