Bibliotek

Bykle folkebibliotek består av hovudbiblioteket som er i Bykle, og filialen som er på Hovden. Begge biblioteka er kombinasjonsbibliotek, det vil sei at dei omfattar både folke- og skulebibliotek. 

Opningstider

Biblioteket på Hovden har redusert opningstid i skulens ferier, og begge biblioteka held sommarstengt fem veker på sommaren.

Opningstider bibliotek
Dag Bykle Hovden
Måndag 10.00-16.30 08.00-21.00
Tysdag Stengt 08.00-21.00
Onsdag Stengt 08.00-21.00
Torsdag 10.00-16.30 08.00-21.00
Fredag Stengt 08.00-16.00
Laurdag/sundag Stengt Stengt

Ubetent bibliotek

Biblioteket i Bykle er tilgjengeleg òg utanom opningstid, alle dagar mellom kl. 7 og kl. 23*. Personar som går i 8.klasse og eldre kan inngå avtale.
 Avtale for personer under 16 år (PDF, 353 kB) - Avtale for personer over 16 (vaksne) (PDF, 661 kB)
*Ordninga med ubetent bibliotek er stengt 5 veker på sommaren.

Bibliotektenesta:

Vi har eit godt utval av bøker, lydbøker, tidsskrift og filmar. Du kan søkje i bibliotekets katalog her. Finn du ikkje det du er ute etter, kan vi bestille frå andre bibliotek (fjernlån).

Du kan også søkje i Biblioteksøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.

Bøker lånt på Bykle folkebibliotek kan leverast på andre bibliotek. Vi returnerer også gjerne bøker du har lånt på andre bibliotek.

Biblioteket samarbeider med Det flerspråklige bibliotek, og kan bestille bøker på ei rekke andre språk. Vi får da ei pakke bøker som vi kan låne ut til innbyggjarar over ei periode. Ta kontakt viss du ønskjer bøker på ditt språk. 

Lånekort:

Alle over skulepliktig alder kan få lånekort. Du kan velje mellom lokalt lånekort som berre kan brukast hos oss, eller Nasjonalt lånekort som kan brukast over heile Noreg, og som også gir tilgang til mange digitale teneste. Kontakt biblioteket for å få lånekort.

 

Facebookside:

Følg gjerne Bykle folkebibliotek på Facebook.

Kontakt

Biblioteket 
E: biblioteket@bykle.kommune.no
Biblioteksjef Magnus Løseth Magnusson
E: magnus.magnusson@bykle.kommune.no
T: 974 25 607