Hovden Grendehus

Hovden grendehus er eit offentleg allbrukshus, eigd og drifta av Bykle kommune, under kultur og fritid / teknisk drift og eigedom. Her er stor lokal aktivitet med mange tilbod samla under eitt tak og er ein viktig møtestad for innbyggjarar og besøkande. Her er betjent resepsjon i vekene. Triveleg foajéområde med sittegrupper, hems med biljard og bordtennis, trådlaust internett, utlån av aviser og tidsskrift og gratis kaffi.

Ta kontakt med Hovden grendehus service og informasjon: 
telefon: 902 16 856 / epost: kultur@bykle.kommune.no


På Grendehuset har vi bibliotek, gymsal, dansesal, lesesal, kinosal, bandrom og klatrerom; opent for alle utanom reserverte tider. For leige av lokale ta kontakt med resepsjonen. Dei største brukarane er Setesdal vidaregåande skule, Hovden skigymnas, Fjellgardane skule og Fjellgardane barnehage, Bykle kulturskule, Hovden sportsklubb og andre frivillige lag. Næringslivet er også ein viktig aktør, i samband med arrangement og selskap når dei treng ekstra plass. I tillegg er det ei stor gruppe privatpersonar som brukar treningsfasilitetar og øvrige tilbod på huset.

ORDINÆRE OPNINGSTIDER:   

Opningstider Hovden Grendehus
Dag Tid
Måndag-Torsdag 08.00 - 21.00
Fredag 08.00 - 16.00
Laurdag og Sundag Stengd