Leige av Kulturbussen

Bykle kommune tilbyr gratis utlån av 9-seters bussar til alle lokale lag og organisasjonar som ynskjer å organisere faste vekentlege aktivitetar i nabokommunar. Dette er eit tiltak for å skape eit breiare tilbod for barn og unge, og for å fremje nye venskap.  Aktivitetane skal vere opne for alle i målgruppa og godt annonserte. Dette prøveprosjektet representerer eit spennande steg mot eit meir inkluderande samfunn.

Kulturbussane har fast plassering på Hovden. Ta kontakt med resepsjonen på Hovden grendehus for booking: kultur@bykle.kommune.no.

For 2024 kostar det 10 kr per km

Leige av Kulturbussen med barn og unge mellom Bykle og Hovden

Lag og organisasjonar, samt private kan låne Kulturbussen gratis for å støtte opp om transport mellom bygdene for barn og unge innafor Bykle kommune. Til dømes idrettsaktiviteter, kino, workshop, teater etc. Dette tilbodet gjeld kun innafor kommunen retta mot barn/unge. 

 Leige av Kulturbussen for lag, foreningar og organisasjonar 

Kulturbussen kan nyttast av lag, foreningar og organisasjonar mot betaling. Lag/org blir fakturert for antall km som er brukt på turen. Leige gjeld også til bruk utanfor kommunen. Ein kan tinge bussen til overnattingsturer, men helst for ein kort perioder på ein eller to netter. Er det  lengre enn dette må det særskilt avtalast i god tid på førehand og gitt at bilen er ledig. 

 Leige av Kulturbussen for kommunale einingar

Vanleg praksis, leie pr antall km.  

Leiga av Kulturbussen til privat bruk

Ikkje mogleg. 

Forsikring

Bilen er forsikra av Bykle kommune, dette gjeld uansett kven som køyrer bilen.  Lag og organisasjonar er forsikringsansvarlege for alle sine medlemmer i og under aktivitet, òg når det gjeld transport. For transport i privat regi er føresatte forsikringansvarlege for eigne barn.