Rådgjevande eining for russaker

Kva er rådgjevande eining for russaker?

Eininga skal ta imot personar som vert pålagd oppmøteplikt for eininga som vilkår for vilkårsbunden påtaleunnlating i saker som handlar om bruk og innehaving av narkotika. Dei som møter for eininga, skal få råd og rettleiing og tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester ved behov. Derunder gjennomføre ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.

Vilkår om oppmøte for rådgjevande eining 

Oppmøte ved rådgjevande eining for russaker vert ikkje rekna som helsehjelp, men som ein strafferettsleg reaksjon. Det betyr at oppmøte ikkje skal skrivast ned i pasientjournal.  Vilkåret om oppmøte med samtale er oppfylt etter at bruker/pasient har møtt ein gong.

Vilkår og rutinar for oppmøte og ruskontroll hos rådgjevande eining for russaker (helsedirektoratet.no)

Bykle og Valle kommunar har organisert psykisk helse- og rustenesta som kontaktpunkt for rådgjevande eining for russaker. Psykisk helse og rusteneste har ansvar for å sikre oppfølging, råd og rettleiing. Legetenesta har ansvar for den praktiske gjennomføringa av rustesting.

Kontaktinformasjon

Telefon psykisk helse- og rusteneste: 986 76 933