Psykisk helse og rus

Avdelinga for Psykisk helse og rus yter tenester i Bykle og Valle. Tenesta er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit.  Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområda i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesta er tverrfagleg samansett.

Individretta tilbod

Kven er tilbodet for:
Barn, unge og vaksne med psykiske vanskar eller lidingar, samt rusproblem og anna avhengigheit. 

Kva er tilbodet: 
Samtaletilbod på inntil 8 samtalar i året, men det vil vere individuell vurdering. Tilbodet er gratis. 

Tilvising: 
Alle kan tilvise til oss og ein kan ta kontakt sjølv eller på vegne av eigne barn. 
Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje samtykkje.

Systemretta tilbod

Målgruppe:
Andre kommunale instansar, lokalmiljøet og innbyggarane 

Bestilling:
Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og rus. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding.

Kor du kan finne sjølvhjelpsprogram

Mange kan ha god nytte av sjølvhjelpsprogram for vanskar som søvn, depresjon, dårleg sjølvbilete, angst, stress og bekymring. “Bypsykologene” har samla fleire program og verktøy, som alle er gratis. Finn dei som passar for deg.

Sjølvhjelpsprogram og verktøy  Assistert sjølvhjelp (Kode får du av tenesta)

Private tilbod

Ein kan finne andre behandlingstilbod hos private aktørar, mange har internettkonsultasjonar som moglegheit. Pris varierer.
Finn en psykolog