Legekontoret i Valle

Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngjeven allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i.

På legekontoret i Valle finn du:

Hallvard Mosdøl – Fastlege
Siri Haugetveit – Fastlege (i permisjon)
Kristine Vedal Dåsvatn - Fastlegevikar
LIS1 lege - Kjem ny 1. mars og 1. september
Oddny Bjørgum – Sjukepleiar
Cecilie Haugen – Sjukepleiar - diabetessjukepleiar
Siv Bø – Sjukepleiar
 

Opningstider

Valle legekontor: 

Fram til 19. august er legekontora i Valle og på Hovden sommarstengte - men det er ope ved Bykle legekontor

Valle legekontor held ope alle kvardagar kl. 08.00 - 15.00
Adresse: Kjellebergsvegen 3, 4747 Valle

Telefontid

Kl. 09.00 -12.00 og kl. 13.00 - 14.00
Telefonnummer: 37937540

Legevakt: 116 117  NØDNUMMER:  113

Meir informasjon og bestilling av time HER