Legekontora i Bykle og på Hovden

Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngjeven allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i.

Influensavaksinering hausten 2026

Influensavaksineringa hausten 2026 vert i år gjennomført litt seinare enn tidlegare. Dette skuldast at Folkehelseinstituttet (FHI) har meldt at influensavaksinen vert levert i veke 46.

Kontakt legekontoret dersom du ønskjer time til vaksinering.

Påminning om vaksinar

Vi minner om FHI sine anbefalingar om vaksinasjon for vaksne:

  • Kikhostevaksine (i kombinasjon med difteri, stivkrampe og polio): FHI tilrår oppfriskingsdose kvart 10. år for alle vaksne over 65 år.
  • Lungebetennelsesvaksine (pneumokokkvaksine): Tilrådast særleg til personar som er 65 år eller eldre, og til personar med visse kroniske sjukdomar eller nedsett immunforsvar.

Ta kontakt med legekontoret dersom du treng ny resept eller ønskjer råd om kva vaksinar som er aktuelle for deg.

På legekontora i Bykle og på Hovden finn du:

Benedicte Severinsen - Fastlege
Helene Hovden – Fastlege (i permisjon 23.09.26 - 01.10.27)
LIS1 lege - Mia Ersdal  (1. mars til 1. september)
LIS1 lege - Marie Repstad (frå 1. september til 1. mars) 
Merethe Stebekk – Sjukepleiar
Lene Bentsen - Sjukepleiar
Anne Jordstøyl – Sjukepleiar

Opningstider   

Bykle legekontor:

Bykle legekontor held no ope kvar onsdag kl. 08.00 - 15.00
Adresse: Sarvsvegen 31, 4754 Bykle  

Hovden Helsehus:

Ope alle kvardagar unnateke onsdagar: kl.08.00 - 15.00 
Adresse: Skulevegen 3, 4754 Hovden

Telefontid:

Kl. 09.00 -12.00 og kl. 13.00 - 14.00
Telefonnummer Bykle: 37938670 - Telefonnummer Hovden: 37938680

LEGEVAKT: 116117   NØDNUMMER: 113

Meir informasjon og bestilling av legetime HER

Fastlegeordninga