Tre einingar ledige i Leige før eige

Bykle kommune har investert vel 19 mill. kr. i Røyrvikåsen på Hovden, og prosjektet Leige før eige. I alt seks leilegheiter er på plass. Framleis er tre ledige. No blir det ny utlysing for dei tre.

Det er tre einingar ledige i Leige før eige-prosjektet. - Klikk for stort bileteDet er tre einingar ledige i Leige før eige-prosjektet. Helene Nilsen

Dei som får leilegheit kan altså leige i inntil fem år før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe, ein kan tidlegast kjøpe etter tre år viss ein har spart nok eigenkapital. Viss dei vil ut etter den avtalte leigeperioden og likevel ikkje kjøpe, får dei all sparinga dei har lagt inn tilbake, og det med renter. Eit temmeleg unikt tilbod altså, og tre einingar er framleis ledige.

Ulik storleik

Einingane er fordelt på to etasjar, og det er parkering i felles garasjerekke. På garasjeplassen blir det lagt inn straum og opplegg til å lade El-bil. Det er tre typer einingar. Dei minste leilegheitene er på vel 50 kvm, dei nest største er 67 kvm og dei største er tett opp under 80 kvm. Prisen for dei minste er 2,1 mill. kr., dei nest største kostar 2,35 mill. kr. og dei største går for 2,6 mill. kr. I og med at prisane blir sette no, betyr det at den som eventuelt kjøper etter å ha leigd i tre eller fem år får gevinsten av prisauke i eigedomsmarknaden som ein bonus på toppen av sparinga som alt ligg inne.

Folkeregistrert i minst eitt år

For å kunne søke seg inn i ein av leilegheitene må ein vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i kommunen i minst eitt år.

– Unnataket er lokal ungdom som studerer ute, som også kan søke, seier Tharaldsen.

Søknadsfristen på denne nye runden "Leige før eige” er sett til 1. august. Tildelinga skjer to veker etter den datoen.

HER er lenke til søknadsskjemaet

For meir informasjon om prosjektet kan ein sjå på Bykle kommune si heimeside. Har ein spørsmål kan ein sende dei på e-post HIT- og då er det lurt å merke e-posten “Leige før eige”.

HER kan du lese meir om Leige før eige