Snart orden på meirope bibliotek i Bykle

Biblioteket i Bykle har i ein lengre periode hatt trøbbel med meiropefunksjonen - med teknikk som ikkje har villa fungere som tenkt. No blir det snart orden på sakene!

Snart blir det orden på meirope bibliotek i Bykle etter ei tid med tekniske utfordringar. Ole Birger Lien

I veke 49 kjem det ein spesialist frå England som skal reparere systemet.

– Det ser me verkeleg fram til, slik at me kan få ordninga med meirope bibliotek i gang att. Så må ein bare takke alle for tolmodet så langt, seier biblioteksjef Magnus Løseth Magnússon.

Meir informasjon om biblioteka i Bykle kommune FINN DU HER