Smekkfullt på Bykle hotell på møte om tiltaksplanar for villrein i går

Det måtte ekstra stolar til i salen på Bykle hotell då Bykle kommune skipa til ope møte om tiltaksplanar for villrein torsdag kveld. 
 

Smekkfullt på villreinmøte i Bykle torsdag kveld. Eivind Ilje Tveit

Frå heile kommunen kom folk for å høyre meir om kva desse forslaga til tiltak handlar om, kva dei får å bety for folk øvst i dalen, og korleis ein kan kome med innspel til høyringa. Engasjementet var høgt, og dei som ville det nytta sjansen til å få sagt sitt.

Høyringsfrist 31. oktober

Ordførar Hans Blattmann helsa velkomen og hadde ei innleiing, før statsforvaltaren sine folk la fram det som er Klima- og miljødepartementet sitt forslag til tiltaksplanar. Poenget med møtet i Bykle var at Bykle kommune ynskjer å få bygdefolket i tale før kommunestyret skal forfatte sitt høyringssvar i saka. Under møtet vart det også streka under at det er viktig at alle med innspel og meiningar også sjølv kan sende inn høyringssvar.

Høyringssvar sendast inn ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no. Ved tekniske problem kan innspel, med referanse
25/2668, i staden sendast på e-post til postmottak@kld.dep.no

Høyringsbrevet for tiltaksplan for villrein (PDF, 6 MB)
Presentasjonen til møtet frå Statforvaltaren (PDF, 8 MB)