Open tevling om sommardrift av Hegni

Hegni, området som er portalen til Hovden og ein viktig møteplass for lågterskel aktivitetstilbod, skal vere full av liv og leven også sommaren 2024. No er Bykle kommune ute etter ein leigetakar som kan ta seg av drifta der.

Hegni er også eit område som er naturleg utgangspunkt for vassaktivitetar og nærturar. Kommunen har eit serviceanlegg der som kan nyttast til enkel servering og dessutan sal i kiosken, og det er lagt til rette med sanitæranlegg og offentleg toalett.  Det er ikkje meininga at Bykle kommune skal drifte Hegni om sommaren, drifta blir difor no lyst ut i ei open tevling. Den som får drive området får disponere serviceanlegget og bryggeanlegget med platting. I samband med korona-ordningane vart det kjøpt inn alt frå robåtar til kanoar, SUP-brett og pedalbåtar. Desse skal leigast ut. Alle kan leige utstyret, men i avtalen skal det gå fram at lokale born og unge får leige utstyret gratis. Den som driv Hegni i sommar får kompensasjon for dette i form av tilskot.

Dagleg drift

Oppdraget som no blir lyst ut gjeld drift av serviceanlegg, utstyrsutleige og drift av sanitæranlegg/toalett med dagleg reinhald. Toalettanlegga skal vere opne døgeret rundt. Det må også haldast orden på parkeringsplassar og brygge. Det er eit viktig poeng at brygga og uteområdet ikkje skal privatiserast men vere tilgjengeleg for alle. 

Gratis leige

Den som får drive området i sommar får leige bygg og utstyr gratis, men vil ha det heile og fulle ansvar for drift og tilbod. Det er også viktig at dei som skal drive staden er godt vertskap for reiselivet øvst i dalen, og gjev gjester god turistinformasjon om nærområdet og tilboda som finst. Oppdraget går frå 1. juni-31. august med tanke på opning og reinhald av sanitæranlegg. Aktivitetar, servering og kiosk kan ha kortare sesong etter avtale med kommunen.  I tilbodet må den som vil drive Hegni i sommar vere konkret på opningstider, aktivitetar og planar elles for perioden.

HER (PDF, 212 kB) er lenke til konkurransegrunnlaget. (kart (PDF, 375 kB))

Eivind Severinsen i Bykle kommune er kontaktperson i prosjektet.