Hugs ope møte om tiltaksplanar for villreinfjellet på Bykle hotell torsdag 9. oktober
Forslag til tiltaksplanar for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei er no sendt på høyring med høyringsfrist 31.oktober. Tiltaksplanen kan ha mykje å seie i forhold til løyper, utbygging og stenging av vegar i heia. Før kommunestyret handsamar kommunen si uttale 30. oktober blir det møte om dei tiltaka som er aktuelle i Bykle kommune.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 07.10.2025 10:38
Sist endra 07.10.2025 10:38
Ole Birger Lien
Det vert ope møte på Bykle Hotell torsdag 9.oktober kl.18.00. Statsforvaltaren i Agder legg fram forslag til tiltaksplan. Kommunestyre, planutval og viltutval vert innkalt. Det vert høve til å stille spørsmål og til drøfting.
– Fokus er altså tiltaka som kan råke Bykle kommune, difor er det viktig at alle med engasjement og interesse no møter opp. Me ynskjer å høyre kva folk er opptekne av slik at høyringsuttalen vår verkeleg blir representativ, seier kommunedirektør i Bykle kommune, Karina Sloth.
Her kan du lese om tiltaksplanen for villrein (PDF, 6 MB)