Har du innspel til sti- og løypeplan i Bykle kommune
Bykle kommune har starta arbeidet med revidering av gjeldande sti- og løypeplan. Målet med prosessen er å sikre eit godt og framtidsretta tilbod av stiar og løyper for både fastbuande, hytteeigarar og tilreisande, med omsyn til friluftsliv, naturmangfald og lokal verdiskaping.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.10.2025 12:26
Sist endra 27.10.2025 12:26
Sigrid Bjørgum
For å kunne lage ein god plan er vi avhengige av eit godt kunnskapsgrunnlag. Vi ønskjer derfor innspel frå dykk med forslag til endringar og forbetringar. For å sende inn innspel så kan de nytte digitalt skjema som de finn på heimesida.
HER KAN DU SEND INN INNSPELET DITT
Alternativt kan de sende innspel på epost her. eller brev til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. Merk innspelet med 22/99.
HER kan du lese meir om revidering av planen.