Sherpasti til Hovdenut
Sigrid Bjørgum
Bykle kommune har starta arbeidet med å revidere den gjeldande sti- og løypeplanen.
Sti- og løypeplanen er eit delprosjekt i den pågåande revideringa av kommuneplanen sin arealdel. Planen vil vere vedlegg til arealdelen og traseane vil inngå i plankartet.
Målet med planarbeidet er å sikre eit framtidsretta og godt tilbod for friluftsliv, med omsyn til naturmangfald, lokal verdiskaping og brukarbehov. Planen skal bidra til betre samhandling mellom aktørar og avklare roller og ansvar.
Det blir lagt opp til brei medverknad frå innbyggarar, grunneigarar, frivillige, næringsliv og offentlege instansar. Prosessen inneheld fleire dialogmøte, og det blir høve til å kome med innspel via digitalt skjema eller skriftleg.
Planprosessen og møteplanen (PDF, 155 kB)
Gjeldande sti- og løypeplan
Medverknad:
Dokument til ope grunneigarmøte 19. mars:
Dokumentet med grovsiling av innspel er oppdatert pr 18.03.26 på bakgrunn av følgjande:
- Eit innspel har ikkje blitt fanga opp. Det er lagt inn som innspel nr. 123.
- Moglegheitsstudien for Bykle kyrkjebygd omtalar nye turvegar/forbindingar. Dette er nemnd i nokre av innspela. Moglegheitsstudien sine forslag er lagt til som innspel nr. 124-126. I tillegg er det lagt inn tilvising til desse i vurderinga av innspel nr. 69.
- Del av hovudtrase for HovdenTour er lagt inn som innspel nr 127.
Politisk behandling av grovsiling av innspel:
Sidan det er så mange innspel, så er det nyttig å gjere ei grovsiling av innspela for å avgrense omfanget av det vidare planarbeidet. Dei innspela som blir silt bort i denne omgang, blir ikkje tatt med til vidare vurderingar og konsekvensutgreiing. Dei innspela som har ein konklusjon som er merka grøn blir tatt med vidare, og dei som er merka raud blir ikkje tatt med vidare. Sjå dokument «Grovsiling av innspel til sti og løypeplanen 02.06.26».
Grovsiling vart behandla i planutvalet 15.06.2026, sak 104/26, og i kommunestyret 18.06.2026, sak 53/26. Endeleg vedtak:
Kommunestyret sluttar seg til grovsiling av innspel til ny sti- og løypeplan, slik det kjem fram av vedlagt dokument «Grovsiling av innspel til sti og løypeplanen 020626» og med grunnlag i administrasjonen sine vurderingar. Med endringar:
• Pkt. 28 merkast raud
• Pkt. 98 - merkast grøn
• Pkt. 119 merkast grøn
• Pkt. 127 merkast raud
Relevante dokument:
• Grovsiling av innspel til sti- og løypeplanen 02.06.26 (PDF, 11 MB)
• Alle innkomne innspel oppdatert 11.03.26 (PDF, 15 MB)
• Innkomne innspel etter grunneigarmøte 19.03.26 (PDF, 328 kB)
• Saksprotokoll Politisk behandling 18.06.26 (PDF, 181 kB)