God pågang for Leige før eige i Bykle

Pågangen er god og det har alt kome inn søknader til Leige før eige-prosjektet i Bykle kommune. Kommunen investerer no vel 19 mill. kr. i eit leilegheitsbygg i Røyrvikåsen bustadfelt på Hovden, der ein kan både prøvebu leilegheiten og spare pengar til sjølve kjøpet. Leigeavtalane går i inntil fem år. Det er i alt seks leilegheiter i bygget. 

Leilegheitsbygget i Røyrvikåsen er på veg opp. - Klikk for stort bileteLeilegheitsbygget i Røyrvikåsen er på veg opp. Trine Tharaldsen

Kommunestyret i Bykle gjekk inn for vedtaket som eit grep for å hjelpe menneske som i utgangspunktet kan handtere eit banklån, men som likevel slit med å få lånet, til å kunne kjøpe seg sin eigen bustad.

– Pris blir fastsett i år. Dei som kjem inn kan altså leige i inntil fem år før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe, ein kan tidlegast kjøpe etter tre år viss ein har spart nok eigenkapital. Viss dei vil ut etter den avtalte leigeperioden og likevel ikkje kjøpe, får dei all sparinga dei har lagt inn tilbake, og det med renter. Skulle det kome inn fleire kvalifiserte søknader enn me har leilegheiter til, må me fordele einingar etter loddtrekning, seier Trine Tharaldsen i Bykle kommune.

Ho melder at det alt har kome inn fem søknader om leige før eige.

Bygget ferdig i juni

Byggjinga i Røyrvikåsen er no i gang, og alt skal stå ferdig i juni. Einingane er fordelt på to etasjar, og det er parkering i felles garasjerekke. På garasjeplassen blir det lagt inn straum og opplegg til å lade El-bil. Det er tre typer einingar. Dei minste leilegheitene er på vel 50 kvm, dei nest største er 67 kvm og dei største er tett opp under 80 kvm. Prisen for dei minste er 2,1 mill. kr., dei nest største kostar 2,35 mill. kr. og dei største går for 2,6 mill. kr. I og med at prisane blir sette no, betyr det at den som eventuelt kjøper etter å ha leigd i tre eller fem år får gevinsten av prisauke i eigedomsmarknaden som ein bonus på toppen av sparinga som alt ligg inne.

– Eit unikt tilbod som ein aldri hadde fått i den vanlege eigedomsmarknaden, slår Tharaldsen fast.

Folkeregistrert i minst eitt år

For å kunne søke seg inn i ein av leilegheitene må ein vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i kommunen i minst eitt år.

– Unnataket er lokal ungdom som studerer ute, som også kan søke, seier Tharaldsen.

Søknadsfristen på "Leige før eige” er sett til 29. februar.

HER er link til søknadsskjemaet.

For meir informasjon om prosjektet kan ein sjå på Bykle kommune si heimeside. Har ein spørsmål kan ein sende dei på e-post HIT - og då er det lurt å merke e-posten “Leige før eige”.

prospekt leige før eige (PDF, 366 kB)