Velkomen til Bykle!

Vurderer du å gjere byklar av deg? Velkomen skal du vere!

Bykle kommune er ein god stad å bu og leve! Kraftkommunen øvst i Setesdal kan by på fantastisk natur, fargerike bygdemenneske og hyttebyklarar som år ut og år inn skaper liv og røre rundt om! God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i infrastruktur og kommunale tenester heilt på toppnivå. Skular, barnehagar, sjukeheim, helsestell, idrett, kultur, lag og organisasjonar - heile bygdesamfunnet er prega av trygge rammer og eit system som ser den enkelte. Med moderne lokalitetar både i Bykle og på Hovden, ligg alt til rette for eit rikt sosialt liv i Bykle kommune for store og små. I den vesle kommunen vår er det over 30 aktive lag og foreiningar - det sosiale samhaldet og dugnadsviljen er sterk!

Bykle kommune er ein reiselivskommune. Ei stadig utvikling innan hyttemarknaden har gjort Hovden til ein solid vinterdestinasjon - målet er at Hovden skal bli ein heilårsdestinasjon! Det bur noko over 1000 menneske i Bykle kommune i dag. Det seier likevel sitt at i sesongtoppane kan så mange som 15.000-20.000 menneske boltre seg i kommunen! Bykle kommune er rigga for slike variasjonar - og ein arbeider jamnt og trutt for auke. Me vil gjerne bli fleire fastbuande - vil du vere ein av dei?

VELKOMEN TIL OSS!