Oppfylging av politiske vedtak
Bykle kommune brukar leiarstøttesystemet Bridge for å gje oversikt over framdrifta i gjennomføring og iverksetjing av politiske vedtak.
Løysinga er ein del av kommunedirektørens internkontroll og kommunens kvalitetssystem Compilo. Med Bridge har me eit moderne grensesnitt som gjev oss visuell oversikt over politiske vedtak, samt kven som har ansvar for gjennomføring. Både innbyggjarar, næringsliv og politikarar kan sjekke status i saka når det passar dei sjølve.
Her er dei politiske sakene lista opp og du kan raskt sjå status på saka. I tabellen er det to kolonnar som viser status på saka, det er politisk status og administrativ status. I tabellen vil det stå anten «startet» eller «ferdig». Du kan og raskt få eit overblikk ved å sjå på fargane i kolonna. Oransje farge visar at saka er starta og grøn farge visar at saka er ferdig
Her finn du lista over vedtak
Publisert 26.11.2023 18:21
Sist endra 26.11.2023 18:21