Eigedomsinformasjon

MinEiendom

Gjennom «MinEiendom» får du informasjon om dei eigedomane du eig i Bykle.

På denne sida finn du informasjon om blant anna kommunale gebyr, kart, tinglyste heftingar og utfakturerte gebyr. Her kan du òg bestemme kor jamnt du vil betale kommunale avgifter. Du finn også ei meldingsteneste om det er noko du ønskjer å melde frå om til Bykle kommune.  Ved å bruke portalen er du ikkje avhengig av rådhuset si opningstid. 

Du kan logge deg inn via ID-porten med MinID, BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides.

eTorg

e-Torg er kommunen sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meklarpakke, 3D-modellar, områdeanalyse, flybilderapport, nabovarsling m.m.