Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

Det er mykje du kan gjere utan å måtte søkje byggjeløyve. Blant anna kan du setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å be om løyve frå kommunen først.

Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:

  • mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
  • frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
  • mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
  • mindre tiltak i eksisterande byggverk
  • mindre tiltak utandørs
  • mindre terrassar som heng saman med bygningen
  • fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
  • andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.