Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
Det er mykje du kan gjere utan å måtte søkje byggjeløyve. Blant anna kan du setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å be om løyve frå kommunen først.
Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:
- mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
- frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
- mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
- mindre tiltak i eksisterande byggverk
- mindre tiltak utandørs
- mindre terrassar som heng saman med bygningen
- fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
- andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.
Sjølv om du slepp å søkje er det ansvaret ditt å følgje regelverket og kommunen sine reguleringsplanar.
Dei nøyaktige reglane for kva du kan byggje utan å søkje finn du i
Publisert 03.08.2023 20:47
Sist endra 08.10.2024 09:54