Kulturpris

Reglar for Bykle kommune sin Kulturpris:

  • Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gjeve honnør for ein spesiell innsats innanfor det utvida kulturfeltet.
  • Bykle kommune sin kulturpris er på kr.10.000,-. Med prisen følgjer eit kunstverk av vår lokale kunstnar Ella Uleberg, busatt på Hovden. 
  • Prisen kan delast ut kvart år, både til einskildpersonar og organisasjonar/lag som har tilknyting til Bykle kommune.
  • Det vert delt ut ein pris per år, og dersom det ikkje er kvalifiserte kandidatar til prisen, kan kommunestyret late vere å dele ut prisen.
  • Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan innan 15.mars same år sende inn framlegg  til kandidat til kulturprisen. Forslag leverer du via nominasjonsskjema. For spørsmål ta kontakt med tenesteleiar kultur og fritid (kontaktinfo nedst)
  • Det er formannskapet som utnemner vinnaren, og prisen vert delt ut på 17.mai. Vedtaket kan ikkje gjerast om.

 

Desse har fått prisen dei siste åra:
2006: Eirik Sætra,  2007: Bjarne Tveiten, 2008: Else Gyro Rysstad, 2009: Kjell Dahl, 2010: Ruth Trydal, 2011: Askild Johnsen, 2012: ikkje utdelt, 2013: Fjellfolk, 2014: Kirsten Leira, 2015 Tom A. Kvinlog, 2016 Olav M. Holen, 2017: Birgit Breive Lidtveit. 2018: Folke Nesland, 2019: Lars Erik Domaas, 2020: Olav Mandt, 2021: Styret i Fjellgardshallen, 2022: Randi Steinsholt, 2023: Ingebjørg Dyrland, 2024: Pavlina Sikjova, 2025: Berit Follerås og Tom Are Strømsvik