Revykonge- og dronning fekk Bykle kommune sin kulturpris 17. mai!

Som prikken over i-en på ei flott nasjonaldagsfeiring øvst i dalen fekk Berit Follerås og Tom Are Strømsvik - revydronninga- og kongen på Hovden, Bykle kommune sin kulturpris. Det var nok ei etterlengta utdeling for mange!

Tom Are Strømsvik og Berit Follerås fekk Bykle kommune sin kulturpris 17. mai. Helga Jacobsen

For Berit og Tom Are har gjennom mange år vore med på ikkje bare å sette preg på men å forme Hovdenrevyen - til glede for fastbuande og tilreisande publikummarar. Kven kan vel gløyme Berit som “Jon Rolf”? Kven kan kome over “gummitrynet” Tom Are kan prestere? På dei skrå bredder øvst i Setesdal har radarparet lokka fram så mang ein gapskratt - kvast og på kornet, men aldri stygt. I tillegg til det dei to har gjort på scena har dei vore vel så viktige i kulissane som tekstforfattarar og av og til leiarar for heile revyen. Mange sette difor stor pris på at no vart dei heidra med kulturprisen.

Flott 17. mai

Nasjonaldagen i Bykle kommune vart elles prega av mykje folk samla på Hovden, eit flott folketog og eit 17. mai-ver ein bare kan drøyme om. Sol frå blå himmel, varmt og godt - kor mange is gjekk det tru? I heile dalen var det fest og moro - og feiringa på Hovden og i Bykle kommune elles stod ikkje tilbake for nokonting!

Unge vaksne frå Bykle, Valle og Hylestad samla i Kristiansand nasjonaldagen - gjett om dei sette fart i 17. mai-feiringa! Ole Birger Lien Flott folketog med flagg og korps og ordførar Hans Blattmann som flaggberar. Alida R. Mørenskog