Bykle samfunnshus er eit offentleg allbrukshus eigd av Bykle kommune, under kultur og fritid/teknisk drift og eigedom. Her er stor lokal aktivitet med mange tilbod samla under eit tak og er ein viktig møtestad for innbyggjarar og besøkande.
Ta kontakt med Bykle samfunnshus service og informasjon:
Telefon: 90216856 / epost: kultur@bykle.kommune.no
Dei største brukarane er Bykle barne- og ungdomsskule, Bykle idrettslag, Bykle kulturskule, SFO, Bykle barnehage og andre frivillige lag. Næringslivet er også ein viktig aktør, i samband med arrangement og selskap når dei treng ekstra plass. I tillegg er det ei stor gruppe privatpersonar som brukar treningsfasilitetar og øvrige tilbod på samfunnshuset. Skulebibliotek, kulturskule, skule og SFO brukar samfunnshuset på dagtid.
ORDINÆRE OPNINGSTIDER:
Måndag | 10:00 - 16.30 |
Torsdag | 10.00 - 16.30 |
Tysdag og Fredag | Stengt |
Huset er stengt i alle skoleferier
Trimrommet i Bykle samfunnshus er eit gratis tilbod til innbyggjarar i Bykle kommune.
Her finn du spinningsyklar og diverse styrkeapparater, samt lause vekter.
Det er 16 års aldersgrense. Du signerer avtale med Kultur og fritid og får utlevert nøkkelbrikke på Bykle rådhus. Rommet kan da nyttast utanom husets opningstid.
Ta kontakt på kultur@bykle.kommune.no for info.
Publisert 15.08.2023 19:21
Sist endra 29.08.2024 13:39