Planlegging av arrangement

Teaterframføringar, festivalar, sportsarrangement eller andre store tilstellingar skal vere positive opplevingar for både arrangørar, utøvarar og ikkje minst for publikum.

Justis- og politidepartementet gav i 2008 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i oppdrag å lage ei opplysningsbrosjyre om tryggleik ved arrangement der store menneskemengder samlast og der det er potensial for store ulykker.  Brosjyra er meint å skulle vere ei handbok – eit verktøy – til nytte for både arrangørar og myndigheiter.  

Rettleiing for tryggleik ved store arrangement (PDF, 3 MB)  får du ei detaljert og nyttig rettleiing for dette arbeidet.  Som arrangør av større deltakar- og publikumsarrangement, ber vi deg kontakte kommunen i god tid på førehand, slik at ulike aspekt ved det enkelte arrangementet kan vurderast opp mot tryggleik og sikkerhet og vi oppmodar deg som arrangør å setje deg inn i denne brosjyra.