Tilrettelagt transport for personer med nedsett funksjonsevne (TT-Kort)

Har du nedsett funksjonsevne og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Det er kommunen som handsamar søknadane:

  • Søknadsfrister: 15. mai og 15. november

  • Tildeling av midler 2 ganger pr år: 1. januar og 1. juli.


Ordning for tidlegare Aust-Agder fylke


Søknaden skal sendast til Bykle kommune og det må sendast legeerklæring saman med søknaden. 

Søknadsskjema tt-ordningen Bykle kommune (PDF, 229 kB)

Seniorrådgjevar/sakshandsamar:
Anna Lise Pedersen Væting
M: 916 15 210
anna.lise.p.vaeting@bykle.kommune.no