Bykle Helsesenter (Heimen)

Bykle helsesenter er ein sjukeheim med 15 plassar og 7 omsorgsbustader. Tildeling av plass vert gjort kontinuerlig, ved behov. I nemnda sitt tilsynslegen, pleie- og omsorgsleiar og avdelingssjukepleiar.

Tenesta har tilbod om langtidsplass, kortidsplass, avlastningsplass for dei med særleg tyngande omsorgsoppgåver, dagplass og nattplass. Dei som har trong for plass søkjer om dette på eige søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Institusjonstenester

 

Andre servicetilbod frå Bykle helsesenter:

  • Tenesta har knytt til seg frisør og fotpleiar, og dette tilbodet er ope for alle som er brukarar av tenestene etter bestilling.

 

Rettleiing 

Du kan vende deg til kommunen dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å søke om tenesta. Dersom ein anna søker på vegne av deg må det komme fram i søknaden at det er gitt fullmakt.  

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande busatd i Bykle kommune

Lenke til verdighetsgarantien 

Lov om kommunale helse - og omsorgstjenester mm.

Grunnbeløp i folketrygden

Sakshandsaming
Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. 

Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. 

Høve til å klage 
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.