Parkeringsløyve for rørslehemma

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Bilførarar eller passasjerar som har særleg behov for parkeringslettelse, knytta til bustad, arbeid eller annan aktivitet, kan søkje kommunen om eit Parkeringsløyve

På denne lenka kan du søkje om eit slikt løyve.  

Legeerklæring og anna dokumentasjon kan ettersendast til: 
Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle