Folkehelse

Folkehelsearbeid er samfunnets samla innsats for å påverke faktorar som fremmer befolkningas helse og trivsel.  Folkehelselova krevjar at kommunen koordinerer sitt samla folkehelsearbeid på tvers av  sektorar, har eit heilskapleg fokus på overordna folkehelsearbeid og eit målretta førebyggande og helsefremmende arbeid innanfor tenesteyting.

Folkehelsearbeidet er omfattande og tverrsektorielt. Ei god folkehelsesatsing inneberer medverking frå heile kommunens befolkning .

Målsetting med folkehelsearbeidet er å utvikle system som svarar på kommunens ansvar etter folkehelselova og som koordinerer og målrettar kommunen sitt arbeid innanfor folkehelsefeltet, samt peike ut strategiar for vidare utvikling.

Folkehelseoversikt for Bykle 

Folkehelseoversikta byggjer på innspel frå befolkninga, opplysningar frå tenestene samt nasjonal og lokal statistikk. Gjennom kapittel 3-7 beskriv dokumentet forhold i kommunen som påverkar folkehelsa, medan kapittel 8 syner «resultatet» per i dag, altså helsetilstanden i befolkninga.

Folkehelseoversikta skal gje naudsynt kunnskapsgrunnlag for å etablere folkehelsemål, -planstrategi og -tiltak i kommunen sin kommuneplan, samt for dei ulike einingane i det daglege arbeidet med faktorane som fremmer, eller hemmar folkehelsa.
 

 

Lenke til tidlegare oversikt: Folkehelseprofil 2020 Bykle (PDF, 2 MB)