Tilvenning i vatn

Barnehagane i kommunen har tilvenning i vatn heile året. I haustsemesteret er det de eldste borna, kompisane, som får opplæring i livredning og vatntilvenjing ute. Dei er saman frå begge barnehagane og er anten i Storetjønn i Bykle eller Hegni på Hovden. Dei aller minste barna har plaskebasseng i barnehagen mens ein nytter seg av basseng for dei eldre. 

Ved vatntilvenjing har ein fokus på å gjere barna trygge i, ved og under vatn. 

Frå forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver: 

«Livsmestring og helse: barnehagen skal være en arena for daglig fysisk aktivitet og fremme barnas bevegelsesglede og motoriske aktivitet.

Kropp, bevegelse, mat og helse: gjennom arbeid med kropp, bevegelse, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna videreutvikler motoriske ferdigheter, kroppsbeherskelse, koordinasjon og fysiske egenskaper. 

Nærmiljø og samfunn: Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna erfarer at alle får utfordringer og like muligheter til deltakelse»

Tilvenning i vatn - Klikk for stort bileteTilvenning i vatn - Klikk for stort bilete