Personvernombod

Personvernombodet skal arbeide for å unngå brot på personvernet både overfor tilsette og innbyggjarane.

Kven er personvernombod for Bykle kommune? 

Marthe Aarthun
Telefon: 971 83 779
E-post: marthe.aarthun@arendal.kommune.no

 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som blir samla inn og kvifor
  • Held oversikt over opplysningane som blir handsama
  • Gir innsyn til den opplysningene gjeld
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane
  • Ber om samtykke frå dei opplysningene gjeld før opplysningane blir handsama
  • Beskyttar informasjonen slik at ho ikkje kjem på avveier
  • Vurderer risiko for sikkerheitsbrot og konsekvensar
  • Slettar personopplysningar det ikkje lenger er behov for


Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkjer verksemda si kunnskap og kompetanse om personvern. Personvernombodet rettleier verksemda slik at personopplysningar blir handsama på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonssikkerheit. Meir konkret tyder dette handtering av spørsmål om alt frå innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og personopplysningar på avveier.