Kraftutbygging i Bykle

Kraftutbygging har vore viktig for Bykle kommune i meir enn 100 år. Dei store fjellvatna skaffar elektrisk straum og kommunen og Fylkeskommunen får pengar tilbake.
Den første søknaden om å demme opp kom i 1908. Den første dammen i 1912/13 var Breivassdammen. Denne delen av kraftutbygginga heldt fram til i 1920 åra med mellom anna Vatnedalsvatnet og Bossvatn.

Etter krigen (etter 1945) fekk Oteraaens brugseierforening konsesjon på ny dam i Vatnedalen, seinare i Ormsa og Urevatn. På 50-talet vart også Skyvatn og Båstogvatn regulert.

Tidleg på 60-talet var kampen om Bykildammen ei viktig sak i Bykle kommune. Planane var å lage ein demning tvers over dalføret om lag der den eine tunellen går i dag. Artikkel om kampen om Bykildammen (PDF, 803 kB) 

Bilete over viser høgste vannstand dersom dette hadde blitt gjennomført. Landskapsbilde i Bykle kyrkjebygd hadde blitt svært øydelagt med eit stort reguleringsmagasin midt i bygda. Mange lokale krefter arbeidde saman for å hindre dette, og det lykkast i 1969 å stoppe desse planane. Dette var ein stor siger mot storsamfunnet for ei lita bygd som Bykle

I staden byrja ein i 1976 på Bossvassdammen i Nordbygdi som var eit anna alternativ.  Om lag 16 gardsbruk vart sett under vatn og 50 - 60 menneske måtte flytte. Denne dammen vart ferdig i 1976.

Vatnedalsdammen vart bygd ut i fleire trinn, frå 1978 til 1984. Reguleringshøgda her er på heile 140 meter.  

Sarvsjuvet er den siste store dammen i Bykle; og den vart ferdig i 2014.