Varsel om utviding av planområde - tilleggskunngjering. Fleirbrukshall Bykle, PlanID 202307

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 varslar Plankontoret Hallvard Homme AS, på vegne av Bykle Idrettslag/Bykle kommune, om utviding av plangrensa for pågåande arbeid med detaljreguleringsplanen for Fleirbrukshall i Bykle. Vi viser til varslingsbrev om oppstart av planarbeid for Fleirbrukshall, datert 29. juni 2023. 
Planen og planarbeidet
 

I løpet av forprosjektfasen av hall-prosjektet har det kome forslag om fleire alternative lokaliseringar til fleirbrukshallen. Etter signal frå Bykle formannskap i juni 2024 legg tiltakshavar no opp til å samlokalisere med samfunnshuset. Ved å knyte nytt bygg saman med eksisterande kommunale bygg kan ein oppnå driftsmessige fordelar. Ei plassering ved skulen, som det no er landa på, krev at planområdet også omfattar arealet med skule/fotballbane. I tillegg er det gjort ei justering av plangrensa i søraust med tilpassing til eigedomsgrense. I nordaust er det gjort ei utviding for å ha betre handlingsrom til å legge til rette for ei betre avkøyring og gangveg langs Nedre Sarvsvegen. Etter utviding er planområdet på om lag 50 daa. Areal sør i planområdet er med og skal vurderast som aktuelt for energibrunnar for felles varmesentral. 

Innspel 

Innspel til planarbeidet skal sendast til Plankontoret Hallvard Homme AS innan 1. nov. 2024 på elektronisk post til post@plankontoret.no Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Olav Mandt tlf. 901 73 940, olav@mandtco.no og Hallvard tlf. 959 37 000, hallvard@plankontoret.no.

Helsing Plankontoret Hallvard Homme AS