Varsel om oppstart - detaljregulering - skibru Geiskelidåne. PlanID 202402

Varsel om oppstart - detaljreguerling - skibru Geiskelidåne, planID 202402 I medhald av plan- og bygningsloven §§ 12-1 og 12-8, blir det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering av skibru Geiskelidåne, planID 202402. Planområdet omfattar eigedommen gnr./bnr. 3/280 med fleire. I planutvalet si handsaming av sak 21/2024 i møte den 12.02.2024 vart tilråing om oppstart vedteke. Tiltakshavar er Bykle kommune, med bistand frå plankonsulent Henning Larsen Architects.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for skibru over Geiskelidåne, samt tilhøyrande skiløype. Dette vil knytte saman to eksisterande skiløypetraséar. Planområdet er på om lag 282,5 daa. Planområdet ligg langs riksveg 9, ca 10 km sør for Hovden sentrum. Skiløypetraseen vil vere om lag 1 km lang og kople saman eksisterande skiløyper i området. Den planlagde brua vil gå over elva Geiskelidåne. Kor brua skal krysse elva vil vere ei viktig avgjerd i planarbeidet. Plangrensa følgjer stort sett eigedomsgrensene, i tillegg til reguleringsplanar som allereie ligg føre. Plangrensa vil truleg bli noko innskrenka som ein del av planarbeidet. 

Reguleringsplanen følgjer opp arealdelen til kommuneplanen, der det er teikna inn ein framtidig turvegtrasé i det aktuelle området. Planarbeidet er vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiing §§ 6-8, og utløyser ikkje krav om konsekvensutreiing. 

Merknader til varsel om oppstart kan sendast til Bykle kommune, innan 08.03.2024. Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. E-post: postmottak@bykle.kommune.no

Dokumenter til varsel om oppstart (PDF, 5 MB)