Varsel om oppstart av planarbeid - Turveg Hartevatn - frå Hegni sør til Badstogviki, planID 202403

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 blir det varsla oppstart av planarbeid for turveg Hartevatn – frå Hegni sør til Badstogviki, planID 202403. Planen ligg på delar av eigedommane gnr./bnr. 600/9, 2/1350, 2/41, 2/470, 2/82 og 2/2.

I planutvalet si handsaming av sak 52/2024 i møte den 13.05.2024 vart tilråing om oppstart av planarbeid, vedteke. Tiltakshavar er Bykle kommune. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for turveg langs Hartevatn, langs vatnet, mellom rv9 og Hartevatn.

Planområdet er på ca. 175 daa. Omfang og utforming av turveg vil bli avklåra i arbeidet. Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

I planleggingsprosessen vil det og verte møte / dialog med grunneigarar og rørte partar.

Planområdet og planinitiativ finn ein her: planregister

 Merknader til varsel om oppstart kan sendast til Bykle kommune, innan 07.06.2024. Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. E-post: postmottak@bykle.kommune.no