Varsel om oppstart av planarbeid for Kommunedelplan for kommunale vegar 2027-2037 og høyring av planprogram
Sigrid Bjørgum
Bykle kommune varslar med dette oppstart av arbeid med Kommunedelplan for kommunale vegar og offentleg høyring av forslag til planprogram etter vedtak i kommunestyret 26.03.2026, sak 27/26.
Planen skal sikre trygge, funksjonelle og framtidsretta vegar, samordne vegutviklinga og gi eit politisk forankra rammeverk for drift, vedlikehald og utbygging.
Planprogrammet forklarar føremålet med planen, framdrifta for arbeidet og dei temaa som skal utgreiast nærare i planprosessen. Temaa i planprogrammet er ikkje endelege, og kan bli justert etter innspel dersom det er føremålstenleg.
Frist for innspel til planarbeidet og planprogrammet er 2. juni 2026. Innspel kan sendast til post@bykle.kommune.no eller Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.
Dokument til høyringa:
Publisert 17.04.2026 14:02
Sist endra 17.04.2026 14:36