Samfunnsdelen i kommuneplanen

Kommuneplanen sin samfunnsdel er ute på høyring og du blir invitert til å komme med di meining!

Planstrategien

Bykle samfunnsdel av kommuneplanen er kommunens viktigaste styringsverktøy. Forslag til plan blei handsama av kommunestyret i møte 25. april 2024 og ligg no ute til diskusjon og høyring før planen vert endeleg vedtatt av kommunestyret (jf. plan – og bygningslova §11-14).

Planen er eit resultat av politiske drøftingar, og gir utdjuping av kva som ligg i kommunen sin visjon «Bykle ser langt» og omtalar satsingsområde for gjeldande valperiode. Planforslaget er tufta på eit omfattande kunnskapsgrunnlag om hovudtrekk ved utviklinga i Bykle kommune.

 Du blir nå invitert til å si di meining om planforslaget:

 Opne folkemøte

I samband med høyringa inviterer ordførar til opne folkemøte i Bykle kyrkjebygd og på Hovden. I møta vil planforslag bli lagt fram og det blir høve til å drøfte satsingsområda og anna i planen. Det og bli lagt fram ei førebels analyse av ringverknader av hyttebygging for Bykle kommune.

Hovden grendehus – 21. mai kl. 18.00
Bykle samfunnshus – 22. mai kl. 18.00

 Digital medverknad

Innbyggjarar i Bykle blir og invitert til å gje innspel til satsingsområda for perioden digitalt før folkemøta. Link til denne spørjeundersøkinga er å finne her: menti.com - påloggingskode: 54 30 94 3

Innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle eller på e-post: postmottak@bykle.kommune.no, innan 30. juni 2024. Merk innspel med saksnr: 2023/17.