Offentleg ettersyn - endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7, Bykle

Bakgrunn:

Lokal forskrift om buplikt skal reviderast. Formålet med forskrifta er å hindre at eigedomar som bør nyttast som heilårsbustad blir nytta som fritidsbustad. Endringa kjem på bakgrunn av eit tidlegare kommunestyrevedtak om endringar i Stussli bustadfelt, der fleire felt i reguleringsplanen blei omregulert frå bustad til bustad/næring. Forskrifta skal endrast i tråd med dette.

Gjeldande forskrift

Føreslegne endringar i forskrifta:

I Bykle kommune gjeld buplikt i kommunale bustadfelt. Når kommunen no jobbar med forskriftsendringa, meiner kommunedirektøren at det kan vere hensiktsmessig å vurdere fleire moment. Dagens forskrift syner til utgåtte reguleringsplanar, så dette vil bli oppdatert i tråd med gjeldande reguleringsplanar. Denne endringa vil ikkje ha faktisk betyding for eigedomane som er omfatta av forskrifta i dag, med unntak av ovannemnde endringar i Stussli bustadfelt.

Bykle kommunes forskrift om buplikt bidrar til heilårs busetting, men på grunn av konsesjonslovas utforming, er det mogleg å unngå dette, ved til dømes å overføre eigedom til nær slekt i nokre tilfelle. For å styrke buplikta i kommunen, kan eit tiltak vere å sette slektskapsunntaket ut av kraft. Det betyr at for eigedomar som er omfatta av buplikt, vil ikkje overdraging frå nær slekt vere friteke frå buplikt.

Prosess:

Endring av forskrift om buplikt for Bykle kommune blei lagt ut til offentleg ettersyn fyrste gong den 18.12.2022, med frist for merknader den 31.01.2023. Kommunestyret handsama endring av forskrifta i møte den 31.08.2023, sak 66/2023. Saka vart samrøystes utsett.

På bakgrunn av tidlegare utsetting i kommunestyret og framlegg til nytt punkt i forskrifta om å sette slektskapsunntaket ut av kraft, legg Bykle kommune framlegg om endring av forskrift for nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 for Bykle kommune ut til offentleg ettersyn på kommunens heimeside og gjennom annonse i Setesdølen. 

Merknader kan sendast på e-post til: postmottak@bykle.kommune.no eller i post til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle. Frist for merknader er sett til 01.12.2024.

Framlegg til endra forskrift og tidlegare saksdokument:
Saksprotokoll: Endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense for Bykle kommune (PDF, 167 kB)
Liste over feltnamn i gjeldande forskrift mot nye feltnamn i Bykle sentrum (PDF, 36 kB)
Framlegg til endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 Bykle kommune Agder (PDF, 47 kB)