Offentleg ettersyn av utbyggingsavtale for Hovden Høyfjellsenter

Utbyggingsavtale for Hovden Høyfjellsenter. Høyring og offentleg ettersyn (PDF, 170 kB) Reguleringsplan for Hovden Høyfjellsenter vart vedteken av Bykle kommunestyre den 25. juni 2020, sak 2017/765, med ei mindre endring i juni 2023.

Offentleg ettersyn av utbyggingsavtale for Hovden Høyfjellsenter

Reguleringsplan for Hovden Høyfjellsenter vart vedteken av Bykle kommunestyre den 25. juni 2020, sak 2017/765, med ei mindre endring i juni 2023. I samband med planarbeidet vart det varsla oppstart av arbeid med utbyggingsavtale. Avtalen er no utarbeidd og regulerer i hovudsak finansiering og gjennomføring av planen og spesielt rekkeføresegn.

Utbyggingsavtalen blir lagd ut til offentleg ettersyn, også kalla høyring, i tråd med plan og bygningsloven §17-4.

Høyringsperioden er frå 19.12.2023 til 12.01.2024.

Høyringsfråsegn på forslaget til utbyggingsavtale sendast denne innan 12.01.2024 til:


Skjema for innspel

eller

Bykle kommune
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Ver vennleg og påfør høyringsfråsegna vår referansenummer 2023/1898.

 

Utbyggingsavtale Hovden Høyfjellsenter forslag_rev2 (PDF, 2 MB)

Utbyggingsavtale for Hovden Høyfjellsenter. Høyring og offentleg ettersyn (PDF, 170 kB)