Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Ørnefjell hytteområde

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir reguleringsplan for Ørnefjell hytteområde, planID 202303, Gnr. 6, Bnr. 5, 25 og 34 m.fl lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet 03.11.2025, sak 141/2025.

Offentleg ettersyn av reguleringsplan for Ørnefjell hytteområde (PDF, 186 kB)

Planområdet omfattar området som er synt i kartutsnittet.

Planområdet omfattar området som synt i kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er oppdatering av gjeldande planar. Planlagde reguleringsformål er fritidsbusetnadfrittliggjande, friluftsformål og vegformål.

Gjeldande planar oppdaterast med planar etter ny plan og bygningslov. Dette vil gje moglegheit for eksisterande hytter å få godkjend mindre tiltak. Det er mellom anna lagt inn vatn og kloakk i området og fleire hytteeigare ønskjer å tilpasse seg dette med noko utvidingar på eksisterande busetnad. Det er ikkje lagt opp til ny busetnad utover dei to hyttene som allereie er godkjende i gjeldande plan. Elles er det foreslått regulert vegar internt i planområdet, og dessutan stikkvegar til hyttetomtane.

Planen i målestokk (1:1000 ) med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka,
kan du få i resepsjonen på Bykle rådhus og arealplanar.no

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, innan 06.03.2026. Saksbehandlar svarer gjerne på spørsmål.

Med helsing
Bykle kommune
Signe Sollien Haugå
kommunalsjef

Stig Erik Ørum