I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir områdereguleringsplan for Hegni planID 202105 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet 08.04.2024, sak saksnr 39/24.
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for destinasjonsutvikling, frilufts,- natur og kulturinteresse, nærings- og anna verksemd, teknisk infrastruktur og samferdsel i området Hegni på Hovden.
Planen er fremma i 2 alternativ. Alternativ 1 opnar ikkje for bubilcamping i området, samt at kombinerte bygg blir trekt bort frå strandkanten. Alternativ 2 legg til rette for bubilcamping, og at kombinerte bygg kan byggast i strandsona.
Alle saksdokumenta er å finne på arealplanar.no her
Det blir opent møte med fagleg foredrag og framlegging av planforslaget måndag 10. juni kl. 18.00 på Hovdestøylen hotell.
Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, innan 08.08.2024.
Saksbehandlar Anne Sæther Lislevand svarer gjerne på spørsmål.