Høyring og offentleg ettersyn av detaljregulering for fellesbygg Vestheisen, planid 202502

 I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering Detaljregulering for fellesbygg Vestheisen lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs handsaming i planutvalet 01.09.2025, sak 09/25. PlanID: 202502.

 Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for eit fellesbygg som skal vere eit tilbod til einingar i Vestheisen familiepark og Vestbakken hyttefelt. Bygget skal innehalde velvereavdeling, treningsrom, smørebu, peisestue og liknande servicefunksjonar. Planområdet vart varsla som ein utviding av pågåande planarbeid med Vestheisen og Vestbakken 2, men det er seinare avgjort at plan for fellesbygget køyrast som eigen planprosess.

 Planlagde reguleringsformål er kombinert formål fritidsbustader og fritids- og turistformål.

Areala er i kommuneplan avsett til LNFR og fritidsbebyggelse, og i gjeldande reguleringsplan avsett til arealformål skianlegg, friluftsområde og kombinert bebyggelse og anlegg.

 Planen i målestokk (1:1500) med føresegner og planbeskriving, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut i informasjonen/heimesida i Bykle kommune, Sarvsvegen 14.

Oversikt over saksdokumenta

 Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle,  innan 25.10.2025.

 Kontaktinformasjon: Sakshandsamar Anne S. Lislevand, e-post: Anne.Saether.Lislevand@bykle.kommune.no