Forslag til planstrategi for Bykle kommune. Høyring.

Kommunal planstrategi er eit verktøy for kommunestyret til å drøfte og prioritere planoppgåver på overordna nivå i kommunestyreperioden. Kommunestyret skal minst ein gang i kvar valperiode, og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Grunna kapasitetsutfordringar i administrasjonen har denne blir lagt fram litt forsinka – og den får såleis litt kortare varigheit (resten av valperioden). Vedteken planstrategi er retningsgjevande for kommunen si prioritering av planoppgåver.
Kommunestyret vedtok i møte 20.03.2025 at forslag til planstrategi for Bykle kommune 2025-2028 skal bli lagt ut på høyring i medhald av plan- og bygningslova § 10-1.

I tillegg gjorde kommunestyret følgande vedtak:

Kommunestyret ber høyringsinstansane vere ekstra merksam på og vurdere om det bør lagast ein heilskapleg plan for pleie og omsorg og at det eventuelt lagast ein eigen plan for helsetenesta (interkommunal teneste) som flyttast til oversikta over interkommunale planar.

Behovet for nye planar og revisjon av planverk har utgangspunkt i kommuneplanen, og regionale, nasjonale føringar og forventingar – og ikkje minst ytre faktorar og megatrendar som kommunen ønskjer å ha eit proaktivt forhold til. Den kommunale planstrategien er ikkje ein plan, men eit hjelpemiddel for kommunestyret til å avklare kva planoppgåver kommunen skal prioritere i valperioden for å møte kommunens behov. 
Planstrategien er også eit eigna verktøy for å vurdere kommunens plansystem, planressursar og samla planbehov i kommunestyreperioden knytt til kommunedelplanar, tema- og sektor(fag)planar. Planstrategien har ingen rettsverking og er ikkje formelt bindande for kommunen. Den kan bli revidert etter behov innanfor valperioden.

Forslag til planstrategi for Bykle kommune blir lagt ut på høyring fram til 09.05.2025.
Høyringsuttaler vert sendt til postmottak@bykle.kommune.no.

Forslag til planstrategi 2025 - 2028 (PDF, 893 kB) Saksprotokoll frå kommunestyremøtet 20.03.25 (PDF, 157 kB)