Kommunestyret vedtok i møte 30.01.2025 sak 10/25 detaljregulering for Granebu, planID 201907.
Vedtak i kommunestyret:
I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 blir detaljregulering for Granebu /nummer 201907 med tilhøyrande reguleringsføresegner vedteken.
Med blå andel på 25%.
Delar av reguleringsplanar for Hovden del 2 / 199701, vedteken 10.09.1997, og Hovden skisenter, utviding av parkeringsareal Z12i Hovden del II / 200915, vedteken 27.05.2010, inkludert alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, får konsekvensar for, blir oppheva.
Planutvalet ber administrasjonen kome tilbake med reguleringsendring på tilkomstveg frå Skisentervegen til Granebu(byggeområde) som vist i skisse framlagt i møte.
Plandokumenta er i etterkant revidert i tråd med vedtaket. Vedlagt reviderte plandokument, samt eit følgjebrev frå regulant som omtalar endringane som er gjort.
De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.
Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.
Dokumentar til saka finn du på arealplaner.no her
Eventuelle klagar
I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Setesdølen 08.05.2025. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 31.05.2025.