Detaljregulering for sentrumsbygg Bykle. Varsel om oppstart av planarbeid. PlanID 202507

 Bykle kommune startar arbeid med forslag til detaljregulering for sentrumsbygg Bykle, planID 202507, jf. plan- og bygningslova §§ 12-3 og § 12-8.

Eit planinitiativ for endring av områdereguleringsplan for Bykle sentrum vart lagt fram for planutvalet 01.12.2025. Administrasjonen har i ettertid endra prosessen frå ein endring av områderegulering til ein ny detaljregulering i tråd med føringa i områderegulering for Bykle sentrum der det er avsett eit areal med krav om felles planlegging for det aktuelle området. Planinitiativet er lagt ved oppstartsvarsel slik det vart lagt fram for planutvalet, men det blir altså ikkje endring av områderegulering for Bykle sentrum, men ein ny detaljregulering for sentrumsbygg Bykle.

 Bakgrunn og mål med planarbeidet

Formålet med planen er å byggje eit nytt sentrumsbygg i Bykle. Prosjektet skal plasserast på YX-tomta, der det er bensinstasjon og busshaldeplass i dag.

Det nye prosjektet skal bidra til å styrke sentrum i bygda. Det nye bygget vil innehalde moglegheit for daglegvarebutikk og 6 leilegheiter. Det skal opparbeidast eit funksjonelt og godt uteområde, og ein tursti mellom sentrumsbygget og idrettsanlegget. Det er i tillegg avsett areal til parkeringsplassar, bensinpumpe og ladestasjon.

Endringa av planen vil gje rammar som skal styrke Bykle sentrum ved å etablere ein ny sosial møteplass, samle tenester og gi eit nytt tilbod for sentrale bustader i bygda.

Det vil i planprosessen og vurderast kva funksjonar det skal leggast til rette for på dei andre areala innanfor planområdet.

Eventuelle kommentarar, merknadar, opplysningar mv. som er av verdi eller av interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til:

 Innan 30. januar 2026. Merk brevet/e-post med saksnummer 2025/751.